Støtt oss

Bli med og støtt Bjørsvik Brass!

Erfaring og lidenskap i samspel

Bli ein synleg støttespelar for kultur som skapar verdi i lokalmiljøet. Med medlemskap i Bjørsvik Brass får de profilering, opplevingar og eit konkret bidrag til kvalitet, rekruttering og mangfald.

Om Bjørsvik Brass

Bjørsvik Brass er eit elitekorps etablert i 2008, samansett av erfarne musikarar med bakgrunn frå toppnivået i norsk korpsrørsle. Vi vart danna av musikarar som ønskte å halde fram med å utvikle og framføre brassmusikk på høgt nivå innanfor ramma av frivillig kulturliv.

Verdigrunnlaget vårt er «Erfaring og lidenskap i samspel». For oss betyr det at kvalitet og engasjement går hand i hand. Vi skapar sterke konsertopplevingar, men bruker også erfaringa vår til å løfte andre.

Arbeidet vårt er strukturert gjennom tre tydelege satsingar med kvar sin profil.

#BjørsvikUngBrass - Vi gir barn og unge meistring gjennom samspel med erfarne musikarar, og styrkjer rekruttering, tryggleik og speleglede. Les meir om #BjørsvikUngBrass

#HunKomponerer - Vi løfter fram kvinnelege komponistar, bestiller og framfører nye verk, og skapar fleire førebilete i korpsmiljøet. Les meir om #HunKomponerer

#Erfaringoglidenskapisamspel - Vi deler erfaring frå toppnivå og løfter kvalitet, meistring og kompetanse i frivillig kulturliv.

Bjørsvik Brass er meir enn eit konsertkorps. Vi er ein aktiv bidragsytar i kulturlivet, med langsiktig engasjement for kvalitet, mangfald og utvikling. Gjennom samarbeid med næringslivet ønskjer vi å styrkje dette arbeidet ytterlegare.

Vil du vite meir?

E-post: bjorsvik.brass@gmail.com