#HunKomponerer
#HunKomponerer
Vi løfter fram kvinnelege komponistar og nye førebilete
Ei langsiktig satsing for likestilling, representasjon og nye stemmer i korpsmusikken.
#HunKomponerer er ei langsiktig satsing frå Bjørsvik Brass som løftar fram kvinnelege komponistar og bidreg til auka likestilling og representasjon i musikkfeltet. Prosjektet er forankra i korpset sitt verdigrunnlag – «Erfaring og lidenskap i samspel» – og spring ut frå ønsket om å skape kunstnariske møtepunkt som både inspirerer og utfordrar.
Sidan starten i 2022 har #hunkomponerer blitt ein årleg konserttradisjon, der programmet utelukkande består av musikk komponert av kvinner. Satsinga har også vorte ein del av Bjørsvik Brass sine interne strategiar, og blir brukt som modell for formidling og utvikling i fleire samanhengar.
Historikk
Komponistportrett
Elisabeth Vannebo er ein sentral komponist i #HunKomponerer og har skrive fleire verk for Bjørsvik Brass. Arbeidet hennar kombinerer kunstnarisk tyngd, spelbarheit og eit sterkt blikk for klang i blåseensemble. Foto: Kristin Maute.

Konsertplakat
Les meir om konserten og urframføringa i blogginnlegget vårt.




