Tilbake

Representasjon og nye verk

#HunKomponerer

Ei langsiktig satsing for likestilling, representasjon og nye stemmer i korpsmusikken.

Kvifor

Nye stemmer skal ikkje berre inviterast inn. Dei skal få plass.

#HunKomponerer er forankra i Bjørsvik Brass sitt verdigrunnlag: erfaring og lidenskap i samspel. Satsinga spring ut frå ønsket om å skape kunstnariske møtepunkt som både inspirerer og utfordrar.

Sidan starten i 2022 har prosjektet blitt ein årleg konserttradisjon der programmet utelukkande består av musikk komponert av kvinner.

Effekt

  • Fleire kvinnelege komponistar i brassrepertoaret
  • Nye bestillingsverk og levande konserttradisjon
  • Førebilete for unge musikantar og komponistar
  • Kunstnariske møtepunkt som både inspirerer og utfordrar

Historikk

Frå urpremiere til ny konserttradisjon.

Satsinga har utvikla seg frå enkeltverk til ein tydeleg del av Bjørsvik Brass sin kunstnariske profil.

SHE - a tribute to women of the world

2026

SHE - a tribute to women of the world

Urframføring av ny trombonekonsert skriven av Elisabeth Vannebo, med Grethe Tonheim som solist.

Les meir
Bestillingsverk frå Ingebjørg Vilhelmsen

2024/25

Bestillingsverk frå Ingebjørg Vilhelmsen

Fem nyskrivne stykke inspirert av norsk kunst og kulturarv, framført som konkurranseprogram på Siddis Brass.

Les meir
#HunKomponerer vol. 3

2024

#HunKomponerer vol. 3

Samarbeidskonsert med Salhus og Haukås Musikklag, med verk av Phyllis Tate og Elisabeth Vannebo.

Les meir
#HunKomponerer vol. 2

2023

#HunKomponerer vol. 2

Samproduksjon med Tertnes Brass i Nykirken med urframføring og fleire noregspremierar.

Les meir
Urpremiere på Past and Present

2022

Urpremiere på Past and Present

Urpremiere på verk skrive av Elisabeth Vannebo spesielt til Bjørsvik Brass.

Les meir
Elisabeth Vannebo

Komponistportrett

Elisabeth Vannebo

Elisabeth Vannebo er ein sentral komponist i #HunKomponerer og har skrive fleire verk for Bjørsvik Brass. Arbeidet hennar kombinerer kunstnarisk tyngd, spelbarheit og eit sterkt blikk for klang i blåseensemble.

Foto: Kristin Maute.

Neste steg

Vil du støtte nye verk og fleire førebilete?

Støttemedlemskap og bedriftssamarbeid gjer det mogleg å bestille nye verk, skape konsertar og løfte fram fleire stemmer.

Sjå støttemoglegheiter