Ny trombonekonsert av Elisabeth Vannebo blir urframført på «SHE – a tribute to women of the world» med trombonist Grethe Tonheim

Ein konsert for sterke kvinner

Til konserten på kvinnedagen urframfører Bjørsvik Brass ein ny trombonekonsert skrive av Elisabeth Vannebo, med Grethe Tonheim som solist. For Vannebo handlar stykket både om vennskap, musikk og sterke kvinner.

Elisabeth Vannebo

Foto: Kristin Maute

Arrangement: SHE - a tribute to women of the world

"Eg hadde eit sterkt ønskje om å skrive eit verk til Grethe. Ho er ikkje berre ein framifrå musikar, men også eit menneske eg har vore så heldig å ha som nær ven i over 40 år. For meg representerer ho sjølve symbolet på sterke kvinner."

Elisabeth Vannebo

Konserten er samstundes inspirert av historiene som kom fram gjennom MeToo-rørsla, og er skrive som ei hyllest til kvinner generelt, og kvinnelege musikarar spesielt.

Verket er første del av Vannebo si Gaia-trilogi, skrive medan ho hadde Statens arbeidsstipend. Dei to andre verka i trilogien er Timelines, som også blir framført på konserten, og We Are One for janitsjarkorps.

Å få eit verk skrive til seg

For solist Grethe Tonheim har prosessen vore både personleg og inspirerande.

Grethe Tonheim

"Det er ei ære og ei glede. Eg har kjent Elisabeth sidan 1985, og det er ei fryd å få vere tett på ein slik rikdom av kreativitet, skaperkraft og utvikling gjennom over 40 år."

Grethe Tonheim

Arbeidet med stykket har også bydd på musikalske utfordringar.

"Det har vore særs spennande å jobbe med sats 2 og 3 som kom seinare enn 1. sats. Det å forme det dramaturgiske med så kontrastrande mellomsats har gitt noko ekstra å bli klok på, og det likar eg – utfordre seg sjølv."

Grethe Tonheim

Å skrive musikk frå innsida

Vannebo har sjølv bakgrunn som tubaist, noko som pregar måten ho komponerer på.

"Det ligg i ryggmargen. Som tubaist kjenner eg meg heime når eg skriv for blåsarar, og korpsrørsla er ein viktig del av identiteten min. Eg skriv musikk frå innsida av ensemblet, med fokus på klang og spelbarheit."

Elisabeth Vannebo

Samarbeidet mellom komponist og solist har også påverka utforminga av verket.

"Grethe har kome med gode og ærlege innspel undervegs. I andresatsen var eg ikkje heilt nøgd med utkastet mitt, og det var ho som sette meg på sporet av å dele ensemblet i to mindre grupper. Det førte vidare til ideen om å leggje til korsong."

Elisabeth Vannebo

No er partituret ferdig, og stafettpinnen går vidare til solisten.

"No er det Grethe som eig den musikalske forminga. Eg gler meg stort til å høyre hennar personlege tolking."

Elisabeth Vannebo

Kontrastar og refleksjon

Når Tonheim sjølv skal beskrive musikken, peikar ho på breidda i uttrykket.

"Kontrastar, filmmusikk, minimalistisk og litt sirkus."

Grethe Tonheim

Begge håpar publikum sit igjen med ei oppleving som varer litt etter konserten.

"Eg håpar publikum kjenner at dei har vore vitne til eit nært musikalsk møte."

Elisabeth Vannebo

Tonheim legg til:

"Eg håpar musikken gir kvar einskild noko å reflektere over. Her er vi alle ulike, så det er litt av eit mål."

Grethe Tonheim

Viktig rom for nye komponistar

Konserten er ein del av Bjørsvik Brass sitt prosjekt #hunkomponerer, som løftar fram kvinnelege komponistar.

"For ein komponist er det heilt avgjerande å ha ei leikegrind – ein må få musikken sin framført. Den bratte læringskurva mi dei siste åra kjem nettopp av at ensemble som Bjørsvik, EBML og Foden har spelt verka mine."

Elisabeth Vannebo

Tonheim peikar også på kor viktig det er at ny musikk faktisk blir brukt.

"#hunkomponerer har allereie generert meir repertoar. Som med alle verk er det viktig at det vert bevisst gjenbruk og dermed fleire nye komposisjonar. Framleis er det viktig å få brukt alt det kunstnariske potensialet vi har rundt oss."

Grethe Tonheim

Fakta

  • Urframføring: ny trombonekonsert av Elisabeth Vannebo
  • Komponist: Elisabeth Vannebo
  • Solist: Grethe Tonheim
  • Ensemble: Bjørsvik Brass
  • Konsert: «SHE - a tribute to women of the world»
  • Dato: 8. mars